I går vart X2-festivalen banka i gang med surfekonkorranse i Ervika på Stadlandet. Det var norske Eirik Jakobsen som stakk av med sigeren
Både stemninga og resultatlista viste at det var internasjonalt oppmøte.
Blant dei fire første var det to norske (ikkje overraskande frå Jæren), ein frå Jersey, New York og ein frå Bahamas. -Det var bra surf i morges. Så begynte me konkurransen når det vart dårleg. Så vart det bra igjen når me slutta, ler surfar og konkurranseansvarleg, Sigbjørn Melvær. -Forholda var heilt greie, til tider var det bølger i skulderhøgde. Bahamas i Ervika Med strålande sol, god temperatur og litt offshore vind var det litt Bahamas i Ervika denne torsdagen. Dei 16 deltakarane fekk selskap av 30-40 oppmøtte, som utnytta vårværet til det fulle. Kubb, grilling og musikk var noko av det som sette stemninga på land under Xwave. Landslagstrenar Tore Kramer brukar sine fire ferieveker på å reise rundt å dømme surfekonkurransar. Han hadde også teke turen til Ervika for å vera sjef i panelet. Saman med han sat Tommy Olsen, Emil Torsen og Camilla og Lars Monsen ved dommarpanelet. -Når tidevatnet kom vart det litt utfordrande forhold for surfarane. Det gjorde at dei måtte prestere meir, små feil hadde meir å seie, fortel Kramer. -Det var litt varierande nivå, med både surfarar som konkurrerte for første gong og nokon meir erfarne. Dei meir erfarne hadde nok ein liten fordel. - Kanonkjekt Fire innleiande rundar, to semifinalar og ein finale vart gjennomført før vinnaren vart kåra. -Finalen var veldig jamn, fortel hovuddommaren. - Det var små marginar som avgjorde kven som stakk av med seieren. Den som tok den beste bølga vant. Det var Eirik Jakobsen som til slutt surfa seg til seier. Det var hans første i karrieren, og han kan fortelle at den smakte godt. -Det var kjempe kjekt, eg har ikkje ord, seier den entusiastiske vinnaren. Han syntes det var veldig gode forhold til ein surfekonkurranse å vera. Vinnaren fortel at han er klar for å feire seieren i kveld og gler seg til å få med seg dei andre konkurransane på festivalen. Det har vore ein draum for arrangørane å inkludera surfing i X2-festivalen sidan dei starta opp i 2005. I samarbeid med Norges surfforbund har dei endeleg fått idretten på programmet. - Det er utruleg kult at dei har fått det til. Eg har teke langhelg for å få med meg heile festivalen, har høyrt utrulig mykje om den, avsluttar Tore Kramer. Resultat surf X2 1.Eirik Jacobsen 10,5 2.Ryan Allan 9,17 3.Ask Hide 7,43 4.Blake Sands 6,97 Foto: Marius Bøstrand
[nggallery id=45]