FORDREKORD TEK MUSIKKGLEDA I ROGALAND TIL NYE HØGDER. FRONTFIGUR OLE-JØRN BORUM SET ALLTID PUBLIKUM FREMST I REKKJA OG OBBAR HARDT MED Å KNEKKJA KODEN.
AV KAIA HØL FREDHEIM (TEKST) OG TANIA NYBERG (FOTO)
Ole-Jørn Borum flytta til Stavanger for fem år sidan, etter å ha vore ein aktiv aktør i Bergens musikkmiljø i mange år. Han og fire andre sterke usikalske sjeler utgjer bandet FordRekord – ekte rogalandsmusikk som i 2010 slo gjennom med rå haugesundsdialekt på radio over heile fylket. Deretter har ting kome rennande av seg sjølv. Torsdag 21. juni braka det laus med den nye musikkvideoen Hold deg våken. Tania Nyberg frå Sola, har produsert musikkvideoen. Ho har jobbet i reklame som Art Director og fotograf i solfylte California i 11 år. Ho har et årlig ekstrem sport blad om OL idrettsutøvere og fotograferar surfarar om sommaren og snowboardarar om vinteren. www.tanianyberg.com –Denne gongen kjem inspirasjonen frå gamle 8 millimeter-filmar, seier Ole-Jørn, som er vokalist, låtskrivar og kontrabassist i bandet.
[vimeo]http://vimeo.com/47041043#[/vimeo]
K R E A T I V E V E S T L A N D S K R E F T E R
FordRekord blei etablert i 2008, og i laupet av dei siste fire åra har bandet gjeve ut album og ei rekkje med singlar. Saman med dei aller finaste kreative kreftene på Vestlandet har bandet ambisjonar om å gje Rogaland fleire bein å stå på enn olje, mat og metall. Borum har med seg gitarist Jon Terje ksland, som har ansvar for å flette inn eit hint av ska i låta, samstundes med ein dose pop og 100 prosent FordRekord. Lars Eirik Støle, 27 år gamal og allereie musikkveteran er tangentavdelinga, og trommeslagar Øyvind Børgesen, vaskeekte haugesundar, leverer trommeslag i bøtter og spann. – Tenk deg at Moneybrother var frå Haugesund, og dei bestemte seg for å leige inn Timbaland til å produsere ein sommarlåt av Madness. Cirka sånn lét Hold deg våken, seier Ole-Jørn.
S T R A N D V I B E S
Songen kan forbindast med strandliv og alt det som følgjer med av moro; flørting og kvite langstrakte strender, som strendene på Haugalandet og i tavangerregionen. Strandkulturen utgjer ein stor del av Rogalands sjel og er naturlegvis hovudingrediensen i låta. – Attende til sjølve musikkpakka; kva sjanger kan musikken til FordRekord identifiserast med? – Eg har alltid slite med å gje eit godt svar på det. Som du høyrer, er det ein miks av rock og pop, krydra med element frå subsjangrane ska, jazz og hiphop. Hovudsakleg er vi eit inkluderande rockeband, då vi dreg inspirasjon frå fleire kjelder. Ole-Jørn er munter og osar av engasjement. – Lange og endelause svar er vel det ein får frå ein kvar musikar.… Ein vil jo ikkje bli sett i bås, seier borum.
A R T I S T A R I P R O F F K L A S S A
FordRekord er ein kompetent gjeng musikarar som har kjent kvarandre i mange år. Tidleg fann eldsjelene ei god oppgåvefordeling seg i mellom. – Vi har eit sinnsjukt kjekt og effektivt samarbeid. Vi brenn for noko vi ønskjer å drive med. Vi har øvingslokale både i Stavanger og Haugesund, og sjølve høgdepunktet i veka er når alle samlast og spelar saman. Det er mykje hardt arbeid, og alle forstår kanskje ikkje heilt kvifor vi legg så mykje i dette. Det blir som å ikkje forstå kvifor surfarane står opp grytidleg og kastar seg ut i bølgjene på Jæren, i full hauststorm, seier Borum – Kvar kjem inspirasjonen frå? – Sjølve konsertopplevinga og å ha god kontakt med eit musikkfrelst publikum gjev oss inspirasjon. Når vi får så utruleg mykje speleglede er det lett å gje noko tilbake. Studioinnspelingane kan gjerne vere heilstøypte, men det er sjølve liveopplevinga som set prikken over i-en. Vi leverer sveitt, tett og høg energi, og det er lett å vere med, seie Borum.
S M A R T E O R D O V E R H E I L E L I N A
FordRekord meiner at dei på kjem sterkare til uttrykk med å synge på norsk dialekt. Dei legg lista høgt og syng alltid i fyrste person. Når publikum er norsk, blir det litt påtatt å vende seg til dei med engelsk. Aksepten for norske songar verkar å ha ein lågare terskel enn tidlegare. Noko har helt klart skjedd dei siste åra, seier Borum.
K V A M U S I K K E I G E N T L E G E R
FordRekord ønskjer å gje publikum ei god musikkoppleving – å gje kvar einskild publikummar ei kjensle av å ta del i opplevinga. – Konsertane er det vi gledar oss mest til. Berre gjennom ein bra livekonsert får ein verkeleg understreka kva musikk eigentleg er og kan gje deg. Å spele live kan samanliknast med å surfe; å vere i kontakt med bølgja og naturen. Den kjensla ønskjer vi å gje til publikum, seier Borum.
P R O M O A K T I V I T E T F R A M O V E R
Sidan 2003 har bandmedlemene i FordRekord spelt på Sildajazz – til smekkfull kai kvar gong. – Dei som ikkje vil høyre tradisjonell jazz, kjem og høyrer på oss i staden. Vi har mykje spennande aktivitet framover, og i sommar blir det speleoppdrag på mange festivalar, mellom anna Filmfestivalen, Skånefestivalen og sjølvsagt Sildajazz. Å bli kjende utanfor heimtraktene er utfordringa, og denne koden er vi i ferd med å knekkja, avsluttar Borum